Velkommne til Landkjenning

Dugnad 18. og 19. mai

Dei 14 frammøtte til dugnad hadde ei god arbeidsøkt 18. mai med fint arbeidsver. Det meste av planlagt arbeid vart gjort denne dagen: rydding av parkeringsplass, riva ned den gamle oppslagstavla, sikra gjerdet, starta reparasjon av sikringsskap og beisa bakvegg til ny oppslagstavle. Dekke på gjestebryggja ute ved L-en vart også reparert.

Den 19. var veret noko mindre triveleg. Reparasjon av sikringsskapet vart gjort ferdig, nye nummerskilt vart montert utover nye flytebryggjene. På grunn av regn var det ikkje mogleg å gjennomføra planlagt beising. Det blir kalla inn til ny dugnad for dette i juni.

Kjekt med pause med kaffi og pannekaker!!

Me kan vera stolte av båthamna vår!